|  | |
|
| | Eldre nyhende | | | | 10.05.2011 | Bur du i Bergen, men vurderer å flytte til Kvinnherad? | Velkommen til ”Kom til Kvinnherad”-samling 19.mai kl.18.00 på Jacob Aall, Xhibition. Her får ein snakka med spennande bedrifter som Noreq, Norsafe, Zenit Engineering, HMR, Husnes Storsenter, Søral, Kvinnherad kommune og Kvinnherad Næringsservice om karrieremoglegheiter i ein kommune i vekst. Det vert servering av mat og drikke. Velkommen til ein kveld med Kvinnherad som utgangspunkt!
| | 06.04.2011 | Kom til Kvinnherad-samling i Bergen | Kvinnherad kommune og næringslivet i Kvinnherad inviterer til samling i Bergen 19.mai 2011 på Jacob Aalls kl.18.00. Det vil bli lagt ut meir informasjon så snart som mogleg. Ta kontakt med Kvinnherad Næringsservice om det er noko du lurer på i forhold til arrangementet (post@naeringsservice.no). | | | | | Samarbeidspartnarar | | | |
Kom til Kvinnherad | | | | Kom til Kvinnherad -plassen for deg og meg! Kvinnherad kommune, Kvinnherad Vidaregåande skule og Kvinnherad Næringsservice har i samarbeid med ulike bedrifter arrangert samlingar i Bergen, Trondheim og Stavanger for å profilere kommunen vår. | | | Kvinnherad er ein flott kommune med variert næringsliv og unik natur. | | | Lagslivet er aktivt, og dugnadsånda lever. Det bur 13.200 mennesker i kommunen, men vi har ønskjer oss fleire innbyggjarar. | | | Det heile starta med romjulsarrangement i 2005 for ungdom som var heime på juleferie. Ordførar serverte graut og bedriftene presenterte seg. Målsettinga var i første omgong å informere dei unge om at vi ønskte at dei ville busette seg her. | | | Vi vonar at utflytte Kvinnheringar og andre vil få augo opp for dei spennande moglegheitene i kommunen, både i forhold til jobb og fritid, og dermed vurderer å flytte til Kvinnherad. | | | | |
| Siste nyhende | Vellykka arrangement i Bergen | | Takkar alle frammøtte og bedrifter for ein strålande kveld på Jacob Aall i Bergen. Utruleg inspirerade å møta så mange som er klare for å flytta til Kvinnherad om bare den rette jobben dukkar opp. Me ynskjer å hjelpa til i denne prosessen, så send cv'en din til oss om du kunne tenkje deg jobba i Kvinnherad (post@naeringsservice.no). Det vert utvikla ein elektronisk database som gjer at det framover vil vera lettare for dei som ynskjer å flytta heim til å få ein oversikt over kva moglegheiter som er i kommunen, samt få ein moglegheit til å profilera seg mot lokalt næringsliv og kommune. Ta kontakt om du ynskjer meir informasjon om dette. |  | | Les meir | 03.06.2011 |
|
|  | |
|
| | Kom til Kvinnherad | | | Adresse | | KEST-bygget, 5460 Husnes | | Telefon | | 95169215 |
|
| | | Lenkjer | | | |
| Dynamiske websider: iDrift AS |