Framsida
Siste nyhende
03.06.2011
Vellykka arrangement i Bergen
Takkar alle frammøtte og bedrifter for ein strålande kveld på Jacob Aall i Bergen. Utruleg inspirerade å møta så mange som er klare for å flytta til Kvinnherad om bare den rette jobben dukkar opp. Me ynskjer å hjelpa til i denne prosessen, så send cv'en din til oss om du kunne tenkje deg jobba i Kvinnherad (post@naeringsservice.no). 

 

Det vert utvikla ein elektronisk database som gjer at det framover vil vera lettare for dei som ynskjer å flytta heim til å få ein oversikt over kva moglegheiter som er i kommunen, samt få ein moglegheit til å profilera seg mot lokalt næringsliv og kommune. Ta kontakt om du ynskjer meir informasjon om dette.
10.05.2011
Bur du i Bergen, men vurderer å flytte til Kvinnherad?

Velkommen til ”Kom til Kvinnherad”-samling 19.mai kl.18.00 på Jacob Aall, Xhibition. Her får ein snakka med spennande bedrifter som Noreq, Norsafe, Zenit Engineering, HMR, Husnes Storsenter, Søral, Kvinnherad kommune og Kvinnherad Næringsservice om karrieremoglegheiter i ein kommune i vekst. Det vert servering av mat og drikke. Velkommen til ein kveld med Kvinnherad som utgangspunkt!
Samarbeidspartnarar

Velkomstskriv til nye foretak

Klikk på bilete for full storleik
 
Kvinnherad Næringsservice og Kvinnherad kommune har no send skriv til alle dei foretak som vart oppretta i kommunen etter 1. janur 2009.
 

For å syne at vi sett pris på nye bedrifter, har vi starta ein praksis med å sende eit felles skriv til nye foretak registrert i Brønnøysund frå årsskiftet.  Dei vert og oppmoda om å ta kontakt om det er noko vi kan bidra med.

 

Samstundes går Kvinnherad Næringsservice ut med tilbod om gratis medlemsskap i det første året. 

 

Dersom du kjennet til bedrifter som ikkje har motteke velkomsskrivet, så be dei ta kontakt med Kvinnherad Næringsservice 95169215.

 
 
 
  Tilbake

 
Kom til Kvinnherad
Adresse
KEST-bygget, 5460 Husnes
Telefon
95169215
Lenkjer
Dynamiske websider: iDrift AS