|  | |
|
| | Siste nyhende | | | | 03.06.2011 | Vellykka arrangement i Bergen | Takkar alle frammøtte og bedrifter for ein strålande kveld på Jacob Aall i Bergen. Utruleg inspirerade å møta så mange som er klare for å flytta til Kvinnherad om bare den rette jobben dukkar opp. Me ynskjer å hjelpa til i denne prosessen, så send cv'en din til oss om du kunne tenkje deg jobba i Kvinnherad (post@naeringsservice.no). Det vert utvikla ein elektronisk database som gjer at det framover vil vera lettare for dei som ynskjer å flytta heim til å få ein oversikt over kva moglegheiter som er i kommunen, samt få ein moglegheit til å profilera seg mot lokalt næringsliv og kommune. Ta kontakt om du ynskjer meir informasjon om dette. | | 10.05.2011 | Bur du i Bergen, men vurderer å flytte til Kvinnherad? | Velkommen til ”Kom til Kvinnherad”-samling 19.mai kl.18.00 på Jacob Aall, Xhibition. Her får ein snakka med spennande bedrifter som Noreq, Norsafe, Zenit Engineering, HMR, Husnes Storsenter, Søral, Kvinnherad kommune og Kvinnherad Næringsservice om karrieremoglegheiter i ein kommune i vekst. Det vert servering av mat og drikke. Velkommen til ein kveld med Kvinnherad som utgangspunkt!
| | | | | | Samarbeidspartnarar | | | |
Kom til Kvinnherad! |  | | Stavanger våren 2009 |
| | | Kvinnherad kommune ligger i Hordaland. Regionen heiter Sunnhordland, medan vi grenser til Hardanger.
| | | Kvinnherad er ein flott kommune med variert næringsliv og unik natur. | | | Lagslivet er aktivt, og dugnadsånda lever. Det bur 13.200 mennesker i kommunen, men vi ønskjer oss fleire innbyggjarar. | | | Det heile starta med romjulsarrangement i 2004 for ungdom som var heime på juleferie som vart arrangert av Kvinnherad kommune, Kvinnherad Næringsservice og Folgefonn Næringshage. Ordførar serverte graut og bedriftene presenterte seg. Målsettinga var i første omgong å informere dei unge om at vi hadde ønskjer om at dei ville busette seg her. | | | I 2008 var det bestemt å arrangere ei samling i Bergen med presentasjon av kommunen. 7 bedrifter med ordførar i spissen inviterte Kvinnheringar og andre til ei samling. Det kom over 60 personar. Det har no vore arrangert 'Kom til Kvinnherad'-samlingar i både Bergen, Stavanger, Trondheim og Oslo. Nokre stader opp til fleire gonger. | | | Vi vonar at utflytte Kvinnheringar og andre vil få augo opp for kvalitetane i kommunen vår, og vurdere å flytte hit. I det minste kan du ta deg ein ferietur. Det er mykje fint å sjå og oppleve. | | | | | | | |
| |
|
| | Kom til Kvinnherad | | | Adresse | | KEST-bygget, 5460 Husnes | | Telefon | | 95169215 |
|
| | | Lenkjer | | | |
| Dynamiske websider: iDrift AS |