Framsida
Siste nyhende
03.06.2011
Vellykka arrangement i Bergen
Takkar alle frammøtte og bedrifter for ein strålande kveld på Jacob Aall i Bergen. Utruleg inspirerade å møta så mange som er klare for å flytta til Kvinnherad om bare den rette jobben dukkar opp. Me ynskjer å hjelpa til i denne prosessen, så send cv'en din til oss om du kunne tenkje deg jobba i Kvinnherad (post@naeringsservice.no). 

 

Det vert utvikla ein elektronisk database som gjer at det framover vil vera lettare for dei som ynskjer å flytta heim til å få ein oversikt over kva moglegheiter som er i kommunen, samt få ein moglegheit til å profilera seg mot lokalt næringsliv og kommune. Ta kontakt om du ynskjer meir informasjon om dette.
10.05.2011
Bur du i Bergen, men vurderer å flytte til Kvinnherad?

Velkommen til ”Kom til Kvinnherad”-samling 19.mai kl.18.00 på Jacob Aall, Xhibition. Her får ein snakka med spennande bedrifter som Noreq, Norsafe, Zenit Engineering, HMR, Husnes Storsenter, Søral, Kvinnherad kommune og Kvinnherad Næringsservice om karrieremoglegheiter i ein kommune i vekst. Det vert servering av mat og drikke. Velkommen til ein kveld med Kvinnherad som utgangspunkt!
Samarbeidspartnarar

Kvinnherad kommune med nye nettsider

Vi  vil gratulere Kvinnherad kommune med heimeside i ny drakt, og ønskjer lukke til!
 

Klipp frå lanseringa:

 

Nye heimesider!

9. desember 2009 la vi om våre nettsider. Med ny teknologi og betre organisering rustar kommunen seg for å møta framtidas informasjonsbehov.09.12.2009 Anbjørn Høivik

Kommunen sine gamle nettsider har lenge vore modne for oppdatering. Når det no skjer er det lagt vekt på betre tilgjenge, betre brukartilpassing og auka kvalitet på innhaldet. Framleis er det hol som må tettast, men den pågåande omlegginga er eit stort steg i rett retning.

Vi set stor pris på både ris og ros. Send gjerne ei melding via skjemaet under, om du har synspunkt på den nye heimesida eller det er informasjon du ikkje finn på nettstaden vår.

 
 
 
  Tilbake

 
Kom til Kvinnherad
Adresse
KEST-bygget, 5460 Husnes
Telefon
95169215
Lenkjer
Dynamiske websider: iDrift AS